Sommarbåtruta mellom Øygarden og Fedje var planlagt avslutta 19. august. På grunn av stor etterpurnad, vert det no sett opp to nye avgangar, onsdag 23. og laurdag 26. august, med same avgangstider som før.

Sommarbåtruta som vart oppretta mellom Øygarden og Fedje viser seg å vera ein stor suksess! Det har vore fullt belegg på samtlege avgangar, og diverre har det også vore dagar då det ikkje har vore plass til alle. Etter planen skulle tilbodet avsluttast 19. august.

Vi håpar endå fleire med dette vil nytta tilbodet på dei ekstra dagane.