GulenSkyss si historie

I 1971 så skipa Per Strand Vold, Per Vold Rederi som eit enkeltmannsføretak. Per skipa selskapet og tok over båten M/B Trio etter onkelen sin. Trio fungerte godt i fleire år, men det var ein gamal båt. I ein alder av 23 år så kontraherte Per sitt fyrste nybygg. Dette var båten «Tinganes» som vart bygd hos Brødrene Aa i Hyen. Drifta dreia seg om skyss av passasjerar i øyene i Gulen, samt skyss av doktor, vetrinær, prest, osv. Oppdragsmengda auka, og nye farty blei kjøpt inn. Selskapet har hatt totalt 3 farty av typen Westcraft 37. Dette er velkjende rutebåtar i dei fleste øysamfunn langs Kysten. Fartya heitte «Åshild», «Askepott» og «Rødhette».

M/B Trio – Den fyrste båten i reiarlaget

I 1985 var det tid for endå eit nybygg. Denne gongen vart også Brødrene Aa valt som leverandør, og i 1985 blei Tornerose levert frå verftet. Tornerose er ein hurtiggåande passasjerbåt som tar 48 passasjerar. Tornerose har sommaren 2015 gjennomgått 30-årsklassing, og fungerar tipp topp den dag i dag! I starten så blei Tornerose sendt til Oslofjorden for å ta hand om oppstarten av ruta mellom Fornebu og Oslo. Frå 1991 til 2013 har Tornerose operert i dei faste rutene i Gulen kommune. Ruta vart seinare utvida både til Solund og Austrheim kommune. På denne ruta transporterte me 48 skuleelevar kvar dag over Fensfjorden, samt at me kryssa Sognesjøen 4 gongar dagleg. Dagleg distanse for desse rutene var om lag 145 nautiske mil, og me hadde dagleg om lag 30-40 stop

M/S Tornerose vart levert i 1985

På slutten av 80-talet så bygde selskapet sitt tredje nybygg. Dette var båten Askepott. Askepott blei levert i 1988 frå Båtutrustning AS på Bømlo. Askepott var 25 meter lang og hadde 3 innanbords dieselmotorar kopla til kvar sin vassjet. Toppfart var 44 knop. Seinare blei Askepott forlenga med 2,5 meter, og vassjettane blei bytt ut med 2 innanbords dieselmotorar med vridbare propellar frå Servogear. Askepott tok 117 passasjerar. Askepott har gått i mange ruter på kysten, frå Kristiansund i nord til Slemmestad i aust. Askepott blei selt til utlandet i 2009. I 2002 blei selskapet omdanna frå enkeltmannsføretak til eit aksjeselskap. Den nye namnet var Gulen Skyssbåtservice AS.

I 2009 kjøpte me Marine Express. Marine Express vart bygd på West Products AS i Måløy i 1985. Marine Express tar 64 passasjerar. Marine Express gjekk om lag 4 år i ei skulerute på Sunndalsøra, og vart ferdig der i august 2014.

Me fekk dessverre ikkje fornya kontrakten vår på lokalrutene i Gulen, Solund og Austrheim. Og 1. januar 2013 stod me då utan køyring på Tornerose. Heldigvis klarte me å vinne eit anbod på skuleruta mellom Tysnes og Os. Det sikra oss køyring på Tornerose ut 2013.

I løpet av 2013 så vant med kontrakten for Rutepakke 2 i Hordaland, med oppstart 1. januar 2014. Me kontraherte difor eit nybytt hos Måløy Verft. Dette var den 24 meter lange katamaranen Rose Ekspress. Rose Ekspress kan ta 47 passasjerar og 2 bilar. I tillegg kjøpte me inn fartya Brottøy frå Torghatten Nord. Brottøy bygde me om, og døypte Øyrosa. Øyrosa går i dag på sambandet Hellesøy – Hernar, mens Rose Ekspress går i Espeværruta.

Hausten 2014 vann me anbodet på drifta av ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad. Då kjøpte me inn ferja Sundferja for å gå som hovudfarty i sambandet, samt den gamle ferja Fjordgar som hadde gått der tidlegare. Fjordgar hadde vore ein snartur i Finland og fått nye fargar og nytt namn, men når me tok den innatt i Noreg så døypte me den Rosesund. I samband med at me starta med ferjedrift, døypte me om selskapet til GulenSkyss AS.