Det har vore til tider særs stor etterspurnad etter billettar på rundturen til Fedje frå Hellesøy, og fleire gongar har uheldige passasjerar stått igjen på kaia pga. full båt. Eit reservasjonssystem har blitt etterspurt, og no er dette på plass.

Dette systemet kan ein nytte for å reservere billettar på turen frå Hellesøy til Fedje og på turen frå Fedje til Hellesøy.

  • Reservasjonssystemet skil ikkje mellom vaksen, honnør og barn. Vel korrekt tal på passasjerar, uavhengig av takstklasse. Billetteringa blir gjennomført om bord.
  • Ein treng ikkje reservere for hund og sykkel.
  • Dersom ein ynskjer å reise tur/retur, så er det veldig viktig at ein reserverar både for turen og for returen. Dette er fordi det skal vere fleksibilitet i systemet til at ein skal kunne for eksempel reise til Fedje onsdagen, med retur laurdagen.
  • Dersom reservasjonen ikkje blir nytta, vil det kunne bli utsteda faktura på beløpet.
  • Me minnar igjen om at ein lyt reservere plass BÅDE på turen og på returen! Altså ein må reservere plass 2 gongar for 1 rundtur.

 

Reservasjonsskjemaet kan ein finne her: http://www.gulenskyss.no/billett