Ny ambulansebåtkontrakt til GulenSkyss AS

 
MV 25&26 + Rygerdoktoren (logo).jpg

14. mai 2021 signerte GulenSkyss kontrakt med Helse Førde om drift av to nye ambulansebåtar. Eitt ambulansefartøy skal stasjonerast ved Hardbakke i Solund kommune, medan det andre fartøyet skal stasjonerast i Florø.

Operasjonsområda til fartøya er frå Gulen kommune i sør til Stadtlandet i nord. Kontraktslenda vi er tildelt, er totalt 10 år, der dei to siste åra er opsjonar.

Helseføretaket har sett krav til at båtane skal vere av typen katamaran. GulenSkyss vil innan kort tid starte bygging av dei to fartøya som skal vere heilt like og klar for drift innan 1. mai neste år. I tillegg vert det kjøpt inn eit brukt ambulansefartøy som skal fungere som reservebåt.

Desse fartøya vil vere dei største og mest moderne ambulansebåtane som er bygd her i landet. Det vil bli lagt stor vekt på gode sjøeigenskapar i dårleg vêr slik at pasientar og mannskap skal føle seg trygge om bord.

GulenSkyss vil sette krav til topp moderne navigasjonsutstyr om bord for sikker drift i alle vêrforhold og dei farvatn båtane skal trafikkere. I tillegg vil det bli lagt svært stor vekt på manøvreringseigenskapane til fartøya. Kraftige motorar vil få hjelp av baugpropellar til manøvrering i tronge farvatn.

Om bord og i landstigning vil gå føre seg med hydraulisk gangveg akterut og forut. Gangveg akterut vil også kunne føre bårepasient opp til toppdekk for vidare transport med helikopter.

Vi i GulenSkyss er svært glad for å vinne dette anbodet i vårt nærområde og vi vil samstundes få takke Helse Førde for den tillit dei har gjeve oss!

GulenSkyss driv elles ambulansebåten i Sunnhordland for Helse Fonna. Dette sambandet er det mest trafikkerte ambulanseområdet i Norge. I tillegg utfører vi rutetrafikk mellom Hellesøy i Øygarden og øyane der, rute mellom Eidesvik og Espevær, bemanning av ferja mellom Mjånes og Hisarøy og ferjesambandet over ytre Solund.

GulenSkyss har per i dag 28 engasjerte personar som er med på å byggje reiarlaget vidare i ei utfordrande og spennande næring.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

MS Rosesol er klar til tjeneste!

Neste
Neste

Gulenskyss skal drive ambulansebåtane